fredag 29. oktober 2010

Flickr

Og dette skjønte eg lite av, gitt! Det vil sei, eg fann bilete og skjønte poenget med søking på personar, grupper osv. Men det var lite som var fritt tilgjengeleg under dei tema som eg søkte på, og då eg endeleg fann eit bilete som eg kunne blogga bittelitt fornuftig om fekk eg ikkje lasta det ned på dei måtane som stod beskrive. Fekk berre melding om at nettadressa viste til noko som ikkje eksisterte. Så eg juksa og klipte biletet inn i bloggen, noko som fungerte fint, men det var ikkje heilt sånn me skulle gjera det, trur eg.

Biletet eg fann er teke av Timm Suess på det som var eit skulebibliotek i spøkelsesbyen Tsjernobyl. Bilete var merkar med "den runde pilen" som viste av fotografiet kunne brukast men at dei måtte oppgje opphavsmannen.
Då skulle vel kjelda verta noko slikt?
Suess, Timm. (2009) School Libaray-3 : Flickr. http://www.flickr.com/photos/lord_yo/3610939037/in/photostream/ (29.10.2010)




Biletet nedanfor er frå Hafstad. Ikkje fullt så mykje støv her, heldigvis. Ikkje har me hatt eit atomkraftverk som eksploderte og me har veldig flinke reinhaldarar, så støvet får ikkje ligga i ro!

Fotografen på det biletet er meg sjølv, så då kan eg trygt bruka det utan å tenkja på rettar, og sidan det berre er bokframsider treng eg ikkje ta hensyn til modellane heller!

onsdag 27. oktober 2010

Ein dag som potet!

På Hafstad vidaregåande skule har dei tilsett ein og same person som bibliotekar og "potet", du veit : ei potet kan brukast til alt, og i dag har eg verkeleg fått gjort ALT, kanskje med unntak av "bibliotekting"!

Det som har vore den store oppgåva nokre veker no er Operasjon Dagsverk som går av stabelen denne veka. I morgon har me Internasjonal dag med foredrag, leikar, film og diskusjonar, og på fredag er det arbeidsdag for elevane. Det er elevane som planlegg og gjennomfører Internasjonal dag, medan eg skal vera kontaktperson og støttespelar. Arbeidet har pågått i halvannan månad, og no kryssar me fingrar for at alt går slik det er bestemt! Dagen før dagen dukka det opp problem som måtte løysast, tekniske ting må på plass og ein må skaffa folk som kan ta fråver, ta bilete til heimesida og mykje anna rart.

I tillegg til hatten som OD-kontaktperson, har eg hatt på meg hatten som AV-ansvarleg i dag, noko som gav meg ein "jaktrunde" etter ein ledig overhead som verka (Flytting av overhead utan heis gjorde at eg også fekk prøvd ut som sjarmen min verka på vaktmeisteren!), samt at eg har hatt undervisning i kjeldebruk, skriving av kjeldeliste og "heiderleg refering" til 2 klassar saman med e-pedagog Hilde. Denne siste del av jobben er veldig hyggeleg, elevane var flinke og ivrige, særleg etter at Hilde garanterte for at det dei skulle lære den neste dobbeltimen ville kome til nytte!

Som de ser ; livet som splitta personlegdom på Hafstad ein regnfull onsdag i oktober kan vera ganske så variert og kaotisk, men eg TRUR me har fått det meste ned på beina. Dei som fekk minst merksemd i dag var dei stakkars førsteklassingane som hadde prosjekt om OD. Det er lite stoff i eigne hyller om Brasil som er temaet for aksjonen, men sidan det ante meg at det kunne verta noko hektisk i dag hadde me lagt nyttige nettkjelder i fronter. Elevane som gjekk på biblioteket fann stort sett ut at "fuglen" var ute og flaug, langt frå ideelt sjølvsagt, men eg har ikkje klart å læra meg å vera på 2 stader på ein gong enn, tross ivrig studering av ulike forflytningsmetodar i Harry Potter. Eg lovar å prøva til neste år!

Det som verkeleg var toppen av kransekaka var oppringing frå Førderevyen, dei var på jakt etter ein inspisient og hadde av ein eller annan merksnodig grunn fått tips om namnet mitt.............vel kan eg sjonglera med roller på skulen, men å sjonglera med rollene og rekkjefølgja på teaterscena er langt utanfor både interessefelt og kompetansenivå. Dei hadde fått tips om at eg var "ryddig i hovudet", det hadde dei definitivt ikkje meint om dei hadde sett meg i aksjon i dag! Men eg takkar så hjarteleg for komplimentet!!

mandag 25. oktober 2010

Twitter

For å ta det siste først : eg har ikkje registert meg som tvitrar, så eg har ingen personlege erfaringar å koma med, berre mykje synsing! Tenesta var lett å bruka sidan eg berre er kikkar, og eg har fått forlenga livet meg nokre timar iallfall, sidan eg vasa meg inn på sida til Noregs 57. morosamaste mann, nemleg Are Kalvø. Han skriv herleg knusktørt om vestlendingar, øl og Kina på eit flott nynorsk.

Då eg fortalde på personalrommet på skulen at eg skulle på web 2.0 kurs fekk eg klar melding av ein kollega at eg måtte passa meg for Twitter, det var lett å verta avhengig! Og eg kan på ein måte forstå det, er noko med å vera "på" og "med" heile tida som lett kan fanga ein, men det store spørsmålet som igjen melder seg : Er det nokon der ute som har timar i døgnet til sals? For det må ein jammen ha dersom ein skal få med seg alt! Og dette kjem frå ei som verken har ungar eller hund!

Twitter kan vera til nytte for biblioteket, særleg å informera om nye tenester, ny bokmelding, arrangement osv. altså i marknadsføring av biblioteket. Særleg tiltalte "Tweet Later" meg som det skippertaksmenneske eg er, her kan ein laga ferdige tvitringar som skal publiserast på ulike datoar. Men igjen er det nok nyttigare for folkebibliotek enn skulebibliotek, noko som vert understreka av at eg berre fann eit skulebibliotek/bibliotekar då eg søkte.

Origo

Heller ikkje denne tenesta har eg brukt før, ikkje tvil om at eg trengde eit kraftig spark bak til å koma i gong med 2.0!!

Det var litt trøblete å få lagt til lokalsona mi (det var eit kart som ikkje dukka opp), men etter litt surring fekk eg det til. Eg registrerte meg og kikka litt rundt på Fjordaglimt, har vore innom både Førde framover, Førde skulemusikkorps og kalendaren. Diskusjonane som går på sida er mykje det same som går i avisene med sjukehusdebatt, sentrumsutvikling og kraftlinje, og det er kanskje lettare å meine noko på eit slikt forum enn i avisene? Lågare terskel?

For folkebibliotek må kalendaren til Fjordaglimt eller andre lokale soner vera ein fin måte å marknadsføra arrangement på, ser mellom anna at Bokbåten har lagt ut "seglingsruta" si og at det skal vera Bokkafé på Vassenden! For eit skulebiblioteket er ikkje dette så aktuelt så bruka sidan evt. arrangement vil verta interne. 

torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Eg har vore på Facebook eit års tid, etter sterk oppmoding frå skulen om å halda seg oppdatert og læra noko om det som elevane bukar mykje tid på. Har som sagt konto og er innom av og til, men eg er veldig lite aktiv. Dei vennene eg har der, har stort sett funne meg, ikkje vice versa. Eg er innom så korte stunder av gongen,  at eg i følgje ein kollega er "ånden som går", så t.d. chat har eg ikkje brukt så mykje. Men det er kjekt å få litt oppdateringar frå gamle klassekameratar både innanlands og utanlands.

Eg har nokre få bibliotek som venner der, mellom anna Kvinnherad bibliotek der eg fekk god etterutdanning då eg kom blodfersk og blåøygd rett frå skulen i Oslo og ut i den verkelege verda! Dei er flinke til å bruka sida som reklame og informasjonskanal for ting som skal skje på biblioteket, og dei får også kommentarar av lånarane sine, så den verkar som den fungerer! Og det er nok slik eg også ville brukt ei facebookside for mitt bibliotek, men no er det faktisk sånn at skulen har bestemt at skulen ikkje skal vera på facebook, men det kan endra seg med tida!

Nettsamfunn og privatliv

Tja, nettsamfunn og privatliv....... Ein grei hugseregle er å ikkje legga ut noko på nettet som ein ikkje ville sagt høgt frå ein talarstol (som om eg nokon gong ville stått der!), eller legga ut bilete o.l. av folk som ikkje er spurte. Det ein skal ha i bakhovudet er at internett er ein sporbar hukommelse, ein kan finna gamle saker og ytringar som kanskje ikkje er så veldig kjekt at til dømes ein potensiell arbeidsgivar får vita om. For ein ting er sikkert; også arbeidsgivarar brukar nettet for å skaffa seg oversikt over jobbsøkjarar osv.

At også dei som vil selja oss ting kan finna stor nytte i informasjonen om oss som vert samla via nettsamfunn er også sikkert, på "fjesboka" har eg fått spesialsydd reklame retta om "leseglad dame i sin aller beste alder", det er kanskje ikkje så farleg for meg, men er det ein lettpåverkeleg tolvåring, kan nok kjøpepresset verta i heftigaste laget innimellom.

Me har sjølvsagt også problemet med ID-tjuveri, at andre rett og slett utgir seg for å vera meg, bestiller varer i mitt namn osv. Dette vert meir og meir vanleg og gjer at me må tenkja over kva informasjon me legg ut om oss sjølve. Men innan dette temaet er det slett ikkje berre informasjonen me legg ut sjølve som kan vera ei utfordring, men alt det andre som er samla om oss, t.d. gjennom skattelister, telefonnummer osv.

Moralen er : du og du så praktisk det er med nett både for å halda seg oppdatert, halda kontakten med gamle venner og sjølvsagt aller mest å finna informasjon, men bruk hovudet og tenk over kva ein legg ut!

tirsdag 12. oktober 2010

"Perfekt kjemi" og "Før jeg brenner ned"

Hei!
I dag prøver eg meg som bokbloggar! Dersom det skal verta noko blogging etter at kurset er avslutta er det nok innan det emnet eg kjem til å prøva meg. Som bibliotekar på ein vidaregåande skule prøver eg å lesa eit breidt spekter av bøker, mellom anna for å ha noko å anbefala til fordjupningsoppgåva i norsk. Det er ikkje alt eg les som passar, men i dag har eg faktisk 2 bøker eg kan anbefala!

Den første boka eg vil skryta av er ei bok i den litt utskjelte sjangeren "romantisk ungpikebok"! "Perfekt kjemi" av Simone Elkeles er ei søt bok om ein gut og ei jente frå kvar si side av byen som forelskar seg, og alt det fører med seg. Den er godt skrive, med godt driv. Er ikkje heilt sikker på om eg likte slutten, men det kan eg leva med!
Du kan lesa meir om boka her

Vel ferdig med romantikken gjekk eg til ein HEILT annan sjanger, nemleg den sjølvbiografiske romanen "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll. Boka har fått mykje positiv omtale i media og eg fekk den anbefalt av ein svært begeistra kollega, og det skrytet kan eg føra vidare. Boka er utruleg spanande og godt skrive om eit lokalsamfunn på Sørlandet som vert utsett for ein pyroman på slutten av 70-talet. Sjølvbiografiske romanar er jo som me veit i vinden no, og dette kan vera eit godt alternativ for dei som tykkjer "Min kamp" har litt for mange sider!
Her er meir om boka.

tirsdag 5. oktober 2010

Sosiale bokmerker

Hei!
I dag er det sosiale bokmerker eg har prøvd å finna ut av. Er litt ivrig med kursjobbing for tida sidan det er haustferie neste veke og eg har tenkt å ha nokre dagar fri.
Men attende til sosiale bokmerker! Det var ikkje vanskeleg å finna ut av det, men eg vert ikkje heilt overbevist om at eg skal kasta meg på verken LibraryThing eller Bokelskere. Eg har definitivt ikkje problem med å finna bøker eg bør lesa, bokhyllene på jobb er fulle av bøker som "skulle vore lese". I min jobb som skulebibliotekar bør eg lesa både ungdomsbøker og "vaksenbøker", og det einaste eg er sikker på at er at slett ikkje rekk å lesa alt eg burde, og det heilt utan tips frå andre! Ein annan ting er at sidan eg har ei så avgrensa brukargruppe (rundt 500 elevar og tilsette), og det slett ikkje er alle som les noko særleg bøker (sjølv om eg til mi stooooooooooore glede har erfart at den gruppa har auka ein god del dei siste 2 åra!) kjenner eg etter kvart "lesehestane" mine og kan anbefala greit på "ståande fot". Når ein så har ein heil klasse som skal ha boktips i ein og same time er det frå toppetasjen tipsa må koma i full fart, eg har rett og slett ikkje tid til å gå på nettet i den situasjonen.

Men det eg ser kan vera nyttig er å kunne ha bokmerkene sine på nett og alltid kunne få tak i det uansett pc. Er også lettare å dela og finna informasjon til oppgåveskriving t.d.
Konklusjon på min bruk : Tja, er ikkje så sikker på at dette vert brukt.............

mandag 4. oktober 2010

Direkte kommunikasjon

Då var det chat som stod for tur! Anne, Iren og eg avtalte at me skulle prøva chat måndag morgon, og som sagt så gjort! Med utveksling av adresser var det berre å kopla seg opp og skriva i veg. Også dette var i grunnen mykje lettare enn eg hadde trudd.............får visst innsjå at "datating" slett ikkje er så kompliserte som eg har bestemt meg for!! Me var både to og tre inne i chatten, og det gjekk fint.
Ikkje den mest saklege meiningsutvekslinga me har hatt, men her var teknikken viktigare enn innhald! Om eg får så mykje bruk for chatting i jobbsamanhang er eg ikkje så sikker på, eg har 450 elevar og dei fleste av dei veit kor dei skal gå for å få tak i meg, så enno kommuniserer me nok mest på den gamaldagse måten, men kanskje eg kan bruka det til å snakka med tanteungane over grensa, men då må Silje nok læra seg å skriva først!

Utforsking av design

På første kursdag var det berre om å gjera å koma i gong og ikkje tenkja så mykje på korleis bloggen såg ut, men i helga vakna utforskartrongen litt. Eg vasa meg inn i malane og leika meg med fargar på tekst, skrifttypar og biletbakgrunn. Alle forsøk var ikkje like vellukka, nokre gonger kom bakgrunn og bilete i vegen for teksten, men til slutt trur eg at eg fann noko som fungerer både tekstmessig og estetisk.

fredag 1. oktober 2010

Nyheitsstraumar og iGoogle

Held fram vandringa i 2.0-verda. Framleis litt dirrande bein kjenner eg, men forklaringane er bra og eg finn stort sett ut av det! Denne gongen er det RSS-straumar og iGoogle eg har surra med. Ser verdien i RSS dersom ein har eit spesialfelt som ein skal følgja nøye med på, men det må då ta ufatteleg mykje tid?
iGoogle-sida var grei, godt organisert med mykje informasjon samla på ein plass, men eg tvilar på om eg kjem til å bruka den, på jobb er det andre sider som vert brukt som startsider og heime er det også andre vanar som er inngrodde (ikkje det å seia at det ikkje går an å endra vanar, altså, men gamal vane vond og venda..........)
Eg tok forresten vekk veret frå sida mi, sidan eg berre fekk veret i Oslo............og det interesserer ikkje noko særleg, til det er eg nok for mykje vestlending!!!! Har nokon annan funne "veret vårt"?