onsdag 27. oktober 2010

Ein dag som potet!

På Hafstad vidaregåande skule har dei tilsett ein og same person som bibliotekar og "potet", du veit : ei potet kan brukast til alt, og i dag har eg verkeleg fått gjort ALT, kanskje med unntak av "bibliotekting"!

Det som har vore den store oppgåva nokre veker no er Operasjon Dagsverk som går av stabelen denne veka. I morgon har me Internasjonal dag med foredrag, leikar, film og diskusjonar, og på fredag er det arbeidsdag for elevane. Det er elevane som planlegg og gjennomfører Internasjonal dag, medan eg skal vera kontaktperson og støttespelar. Arbeidet har pågått i halvannan månad, og no kryssar me fingrar for at alt går slik det er bestemt! Dagen før dagen dukka det opp problem som måtte løysast, tekniske ting må på plass og ein må skaffa folk som kan ta fråver, ta bilete til heimesida og mykje anna rart.

I tillegg til hatten som OD-kontaktperson, har eg hatt på meg hatten som AV-ansvarleg i dag, noko som gav meg ein "jaktrunde" etter ein ledig overhead som verka (Flytting av overhead utan heis gjorde at eg også fekk prøvd ut som sjarmen min verka på vaktmeisteren!), samt at eg har hatt undervisning i kjeldebruk, skriving av kjeldeliste og "heiderleg refering" til 2 klassar saman med e-pedagog Hilde. Denne siste del av jobben er veldig hyggeleg, elevane var flinke og ivrige, særleg etter at Hilde garanterte for at det dei skulle lære den neste dobbeltimen ville kome til nytte!

Som de ser ; livet som splitta personlegdom på Hafstad ein regnfull onsdag i oktober kan vera ganske så variert og kaotisk, men eg TRUR me har fått det meste ned på beina. Dei som fekk minst merksemd i dag var dei stakkars førsteklassingane som hadde prosjekt om OD. Det er lite stoff i eigne hyller om Brasil som er temaet for aksjonen, men sidan det ante meg at det kunne verta noko hektisk i dag hadde me lagt nyttige nettkjelder i fronter. Elevane som gjekk på biblioteket fann stort sett ut at "fuglen" var ute og flaug, langt frå ideelt sjølvsagt, men eg har ikkje klart å læra meg å vera på 2 stader på ein gong enn, tross ivrig studering av ulike forflytningsmetodar i Harry Potter. Eg lovar å prøva til neste år!

Det som verkeleg var toppen av kransekaka var oppringing frå Førderevyen, dei var på jakt etter ein inspisient og hadde av ein eller annan merksnodig grunn fått tips om namnet mitt.............vel kan eg sjonglera med roller på skulen, men å sjonglera med rollene og rekkjefølgja på teaterscena er langt utanfor både interessefelt og kompetansenivå. Dei hadde fått tips om at eg var "ryddig i hovudet", det hadde dei definitivt ikkje meint om dei hadde sett meg i aksjon i dag! Men eg takkar så hjarteleg for komplimentet!!

2 kommentarer:

  1. Trudde du hadde det relativt stille og fredeleg på biblioteket der borte, eg. Neimen, om eg misunner deg denne dagen, potetGuri.
    Synes du skulle takke ja til Førderevyen. Kan sjå deg føre meg, briljere på scena både som den eine og den andre. Eg skulle gått på alle
    førestillingane:-))))

    SvarSlett
  2. Inspisienten er bak scena:-))) Men takk for støtta, du er no snill då! Eg håpar dagen i dag skjer sånn nokonlunde etter planen (som du ser har eg ikkje tru på at ALT går etter planen!)så kan eg slappa av litt i morgon.Undervisninga i kjeldebruk er forresten berre moro, dei klassane me har hatt til no har vore ivrige og stilt gode spørsmål.

    SvarSlett