Eg har vore på Facebook eit års tid, etter sterk oppmoding frå skulen om å halda seg oppdatert og læra noko om det som elevane bukar mykje tid på. Har som sagt konto og er innom av og til, men eg er veldig lite aktiv. Dei vennene eg har der, har stort sett funne meg, ikkje vice versa. Eg er innom så korte stunder av gongen, at eg i følgje ein kollega er "ånden som går", så t.d. chat har eg ikkje brukt så mykje. Men det er kjekt å få litt oppdateringar frå gamle klassekameratar både innanlands og utanlands.
Eg har nokre få bibliotek som venner der, mellom anna Kvinnherad bibliotek der eg fekk god etterutdanning då eg kom blodfersk og blåøygd rett frå skulen i Oslo og ut i den verkelege verda! Dei er flinke til å bruka sida som reklame og informasjonskanal for ting som skal skje på biblioteket, og dei får også kommentarar av lånarane sine, så den verkar som den fungerer! Og det er nok slik eg også ville brukt ei facebookside for mitt bibliotek, men no er det faktisk sånn at skulen har bestemt at skulen ikkje skal vera på facebook, men det kan endra seg med tida!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar