Tja, nettsamfunn og privatliv....... Ein grei hugseregle er å ikkje legga ut noko på nettet som ein ikkje ville sagt høgt frå ein talarstol (som om eg nokon gong ville stått der!), eller legga ut bilete o.l. av folk som ikkje er spurte. Det ein skal ha i bakhovudet er at internett er ein sporbar hukommelse, ein kan finna gamle saker og ytringar som kanskje ikkje er så veldig kjekt at til dømes ein potensiell arbeidsgivar får vita om. For ein ting er sikkert; også arbeidsgivarar brukar nettet for å skaffa seg oversikt over jobbsøkjarar osv.
At også dei som vil selja oss ting kan finna stor nytte i informasjonen om oss som vert samla via nettsamfunn er også sikkert, på "fjesboka" har eg fått spesialsydd reklame retta om "leseglad dame i sin aller beste alder", det er kanskje ikkje så farleg for meg, men er det ein lettpåverkeleg tolvåring, kan nok kjøpepresset verta i heftigaste laget innimellom.
Me har sjølvsagt også problemet med ID-tjuveri, at andre rett og slett utgir seg for å vera meg, bestiller varer i mitt namn osv. Dette vert meir og meir vanleg og gjer at me må tenkja over kva informasjon me legg ut om oss sjølve. Men innan dette temaet er det slett ikkje berre informasjonen me legg ut sjølve som kan vera ei utfordring, men alt det andre som er samla om oss, t.d. gjennom skattelister, telefonnummer osv.
Moralen er : du og du så praktisk det er med nett både for å halda seg oppdatert, halda kontakten med gamle venner og sjølvsagt aller mest å finna informasjon, men bruk hovudet og tenk over kva ein legg ut!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar