Held fram vandringa i 2.0-verda. Framleis litt dirrande bein kjenner eg, men forklaringane er bra og eg finn stort sett ut av det! Denne gongen er det RSS-straumar og iGoogle eg har surra med. Ser verdien i RSS dersom ein har eit spesialfelt som ein skal følgja nøye med på, men det må då ta ufatteleg mykje tid?
iGoogle-sida var grei, godt organisert med mykje informasjon samla på ein plass, men eg tvilar på om eg kjem til å bruka den, på jobb er det andre sider som vert brukt som startsider og heime er det også andre vanar som er inngrodde (ikkje det å seia at det ikkje går an å endra vanar, altså, men gamal vane vond og venda..........)
Eg tok forresten vekk veret frå sida mi, sidan eg berre fekk veret i Oslo............og det interesserer ikkje noko særleg, til det er eg nok for mykje vestlending!!!! Har nokon annan funne "veret vårt"?
Ja, denne vêrfunksjonen i iGoogle var litt avgrensa - såg at Bergen var det nærmaste vi kom dessverre.
SvarSlett