Heller ikkje denne tenesta har eg brukt før, ikkje tvil om at eg trengde eit kraftig spark bak til å koma i gong med 2.0!!
Det var litt trøblete å få lagt til lokalsona mi (det var eit kart som ikkje dukka opp), men etter litt surring fekk eg det til. Eg registrerte meg og kikka litt rundt på Fjordaglimt, har vore innom både Førde framover, Førde skulemusikkorps og kalendaren. Diskusjonane som går på sida er mykje det same som går i avisene med sjukehusdebatt, sentrumsutvikling og kraftlinje, og det er kanskje lettare å meine noko på eit slikt forum enn i avisene? Lågare terskel?
For folkebibliotek må kalendaren til Fjordaglimt eller andre lokale soner vera ein fin måte å marknadsføra arrangement på, ser mellom anna at Bokbåten har lagt ut "seglingsruta" si og at det skal vera Bokkafé på Vassenden! For eit skulebiblioteket er ikkje dette så aktuelt så bruka sidan evt. arrangement vil verta interne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar