Hei!
I dag prøver eg meg som bokbloggar! Dersom det skal verta noko blogging etter at kurset er avslutta er det nok innan det emnet eg kjem til å prøva meg. Som bibliotekar på ein vidaregåande skule prøver eg å lesa eit breidt spekter av bøker, mellom anna for å ha noko å anbefala til fordjupningsoppgåva i norsk. Det er ikkje alt eg les som passar, men i dag har eg faktisk 2 bøker eg kan anbefala!
Den første boka eg vil skryta av er ei bok i den litt utskjelte sjangeren "romantisk ungpikebok"! "Perfekt kjemi" av Simone Elkeles er ei søt bok om ein gut og ei jente frå kvar si side av byen som forelskar seg, og alt det fører med seg. Den er godt skrive, med godt driv. Er ikkje heilt sikker på om eg likte slutten, men det kan eg leva med!
Du kan lesa meir om boka her
Vel ferdig med romantikken gjekk eg til ein HEILT annan sjanger, nemleg den sjølvbiografiske romanen "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll. Boka har fått mykje positiv omtale i media og eg fekk den anbefalt av ein svært begeistra kollega, og det skrytet kan eg føra vidare. Boka er utruleg spanande og godt skrive om eit lokalsamfunn på Sørlandet som vert utsett for ein pyroman på slutten av 70-talet. Sjølvbiografiske romanar er jo som me veit i vinden no, og dette kan vera eit godt alternativ for dei som tykkjer "Min kamp" har litt for mange sider!
Her er meir om boka.
Hei Guri. Først må du få skryt av hvor vakker bloggen din er blitt. Ellers selvsagt bra å få gode lesetips. Ungpike-bøker er ikke å forakte, kjærlighet er stadig aktuelt. Ta forresten en titt på bloggen min igjen. Jeg har lagt ut et bilde av meg selv i dag som ikke er mye å skryte av, modig gjort. Jeg formidler med parykk på hodet
SvarSlett