Hei!
I dag er det sosiale bokmerker eg har prøvd å finna ut av. Er litt ivrig med kursjobbing for tida sidan det er haustferie neste veke og eg har tenkt å ha nokre dagar fri.
Men attende til sosiale bokmerker! Det var ikkje vanskeleg å finna ut av det, men eg vert ikkje heilt overbevist om at eg skal kasta meg på verken LibraryThing eller Bokelskere. Eg har definitivt ikkje problem med å finna bøker eg bør lesa, bokhyllene på jobb er fulle av bøker som "skulle vore lese". I min jobb som skulebibliotekar bør eg lesa både ungdomsbøker og "vaksenbøker", og det einaste eg er sikker på at er at slett ikkje rekk å lesa alt eg burde, og det heilt utan tips frå andre! Ein annan ting er at sidan eg har ei så avgrensa brukargruppe (rundt 500 elevar og tilsette), og det slett ikkje er alle som les noko særleg bøker (sjølv om eg til mi stooooooooooore glede har erfart at den gruppa har auka ein god del dei siste 2 åra!) kjenner eg etter kvart "lesehestane" mine og kan anbefala greit på "ståande fot". Når ein så har ein heil klasse som skal ha boktips i ein og same time er det frå toppetasjen tipsa må koma i full fart, eg har rett og slett ikkje tid til å gå på nettet i den situasjonen.
Men det eg ser kan vera nyttig er å kunne ha bokmerkene sine på nett og alltid kunne få tak i det uansett pc. Er også lettare å dela og finna informasjon til oppgåveskriving t.d.
Konklusjon på min bruk : Tja, er ikkje så sikker på at dette vert brukt.............
kjekt å vita om, uansett! Det kan jo vera lånarar som treng tips?
SvarSlett