For å ta det siste først : eg har ikkje registert meg som tvitrar, så eg har ingen personlege erfaringar å koma med, berre mykje synsing! Tenesta var lett å bruka sidan eg berre er kikkar, og eg har fått forlenga livet meg nokre timar iallfall, sidan eg vasa meg inn på sida til Noregs 57. morosamaste mann, nemleg Are Kalvø. Han skriv herleg knusktørt om vestlendingar, øl og Kina på eit flott nynorsk.
Då eg fortalde på personalrommet på skulen at eg skulle på web 2.0 kurs fekk eg klar melding av ein kollega at eg måtte passa meg for Twitter, det var lett å verta avhengig! Og eg kan på ein måte forstå det, er noko med å vera "på" og "med" heile tida som lett kan fanga ein, men det store spørsmålet som igjen melder seg : Er det nokon der ute som har timar i døgnet til sals? For det må ein jammen ha dersom ein skal få med seg alt! Og dette kjem frå ei som verken har ungar eller hund!
Twitter kan vera til nytte for biblioteket, særleg å informera om nye tenester, ny bokmelding, arrangement osv. altså i marknadsføring av biblioteket. Særleg tiltalte "Tweet Later" meg som det skippertaksmenneske eg er, her kan ein laga ferdige tvitringar som skal publiserast på ulike datoar. Men igjen er det nok nyttigare for folkebibliotek enn skulebibliotek, noko som vert understreka av at eg berre fann eit skulebibliotek/bibliotekar då eg søkte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar