torsdag 18. november 2010

Oppsummering

Det har vore eit artig kurs, lærerikt og så er det kjekt å treffa kollegar frå heile fylket for oss som jobbar aleine. Det er noko med å halda tritt, om ikkje med elevane mine, så iallfall med kollegane mine!!!!

Ikkje alt er like nyttig for eit lite skulebibliotek der eg kjenner brukarane mine ganske så godt etterkvart. Sjølvsagt vil eg ikkje få alle til å vera bibliotekbrukarar, men prosenten aukar heile tida! Den mest effektive måten min å nå brukarar er framleis plakatar på huset og ein-til-ein-kommunikasjonen med dei eg vil ha tak i eller dei som stikk innom. Nokre av tenestene ser eg på som skikkelege tidstjuvar, men andre ting er kjekke og nyttige.

Dei tenestene eg har hatt mest sansen for er blogging, nettsky, wiki, videodeling og podcast. Blogging kan brukast til boktips for ungdommar t.d. Kanskje det kan vera aktuelt for dei vidaregåande skulane å ha ein felles blogg med boktips?
Nettsky var genialt for deling av idear og samarbeid om prosjekt, praktisk å kunne sitje på ulike stader og jobbe i same dokument, t.d. boktipslister som Iren og eg leika oss med.
Wiki er kjekt! Og som eg nemde i bloggen under det punktet bør me hiva oss rundt og gjera ein innsats i lokalhistoriewikien, for på våre eigne lokalsamfunn er det vi som er ekspertar.
Podcast og videodeling er nok mest hygge, men litt nytte også. Det er jo ofte slik at "eit bilete seier meir enn 1000 ord" , så då seier jo ein videosnutt meir enn det meste!!! Og det er også ein fin måte å bryta opp og få elevane til å følgja med på! Podcast med radioprogram eg har gått glipp av er veldig kjekke, og bokpods frå andre bibliotek skal eg leggja inn på heimesida ved neste oppdateringsrunde, men eg kjem ikkje til å laga nokre sjølv, til det er mikrofonskrekken alt for velutvikla, og ikkje strekk tida til heller.

Har ikkje heilt bestemt meg for kva som skal brukast etter kurset, kjem litt an på om me er fleire som hiv oss rundt og jobbar saman, ein og ein trur eg at det vert for mykje jobb for eit lite skulebibliotek.

Konklusjon : Kjekt kurs, som det sikkert er marknad for til andre bibliotek som ikkje har delteke på dette kurset. Det er kjekt når alle er like dumme og ingen spørsmål er for teite. Rettleiingane har vore veldig greie og det har stort sett ikkje vore vanskeleg å finna ut korleis ting skulle gjerast.

tirsdag 2. november 2010

Å arbeide i nettsky

Dette er var moro og nyttig, men slett ikkje enkelt. Stakkars Siv som har måtta løysa opp i flokene mine. Først var det ein ramme som ikkje ville vekk, så var det tekst som ikkje oppdaterte seg (det hang mest truleg saman ein bitteliten hakeparantes-luring) Så når eg fekk det inn og alt såg bra ut, vart teksten litt "hoppete" så eg måtte gjera endringar, og då kom rammene attende også.......Anar ikkje korleis, dei vart i alle fall ikkje ynskte velkommen! Og dette kombinert med at eg ikkje er den mest tolmodige gjorde at det vart litt chatinnlegg på Siv. Teksten står pr.3.11.2010 kl. 12.05 framleis i ramme, og der står den godt førebels!


Men altså ; noko fornuftig om å jobba i nettsky!
Å jobba i nettsky er lurt dersom ein skal samarbeide om eit prosjekt, enten det er ein felles presentasjon eller ei idèmyldring. Fordelen med gratis programvare er der sjølvsagt også, men den er mindre viktig på grunn av at me alt har felles programvare frå arbeidsgivar, samt at elevane har tilgang til rimelege versjonar av dei same programma. Men som sagt ; eg ser det poenget også!

Her er ein tekst eg skreiv i Google Docs, og som eg gjerne vil skal verta lengre ved samarbeid.

Wiki

No har eg lese og skrive og tenkt om wiki. Det som er kjekt med wikiteknologien er at "den vanlege mann eller kvinne" kan få skriva om eit emne dei brenn for. Og når mange skriv aukar sjansen for at innhaldet vert etterretteleg. Eg vart litt overraska over at Thomas Brevik sa at han før anbefalte studentane sine Wikipedia enn Store norske leksikon, men eg ser poenget. Wikipedia er breiare og har langt fleire oppslagsord, også på emner som "vanlege leksikon" ikkje har noko om (t.d. nyare film, "lettare litteratur" eller teknologi) Framleis seier nok me til elevane våre at "Bruk gjerne wikipedia, men sjekk opplysningane fleire stader", men dette har endra seg frå "Ikkje bruk wikipedia" så me er på gli!

Eg var innom dei wikisidene som var foreslått, og den eg fann suverent mest nyttig var Lokalhistoriewiki. Der kan innbyggarane i dei ulike kommunane skriva om sin kommune, og her er det i grunnen ganske naturleg at (folke)bibliotekarar deltek. Me er vande med å sjekka kjelder, har tilgang til aktuell informasjon og har bra oversikt over kva som rører seg i lokalsamfunna.
Det er MANGE hol å fylla for kommunane i Sogn og Fjordane. Det var berre Jølster, Gulen, Leikanger, Eid og Gloppen som hadde noko skrive i det heile, og av desse var Jølster den med det beste og fyldigaste innhaldet. Dette er ei flott kjelde for t.d. skuleelevar, så her er det berre å håpa at skriving på lokalhistoriewiki spreier seg som "eld i tørt gras" i Sogn og Fjordane. Akkurat lokalhistorie er me jo kjende for å vera veldig gode på!

mandag 1. november 2010

Podcast

Podcast er kjekt! Iallfall når ein får det til! Vart ein del klussing her også, og eg er slett ikkje sikker på om eg har gjort det eg er bede om sidan eg berre har fått lagt inn eit program, ikkje ein programserie. Det er mogeleg å abonnera på slike filer som RSS, og det kunne eg nok tenkt meg å gjera.

Radiobruken min er særleg til og frå jobb med mobilen i lomma, og på laurdagar som følgje til husvasken. Men sidan langt frå alle laurdagar vert brukt med hovudet i vaskebøtta, får eg nokre hol i gullrekka som startar med Popquiz og sluttar med 20 spørsmål.  Og då kan eg jo fylla hola i ettertid. Har ikkje prøvd å lasta ned på mp3-spelaren min, men det burde eg kanskje gjort før neste lange flytur?

Ukeslutt

Hallo i uken
20 spørsmål

Det kan også lagast fine lydpresentasjonar frå biblioteka, men det er nok modigare folk enn meg som gjer. Å høyra si eiga stemme i opptak er skummelt, og instinktet mitt seier "Gøym deg" om det dukkar opp ein mikrofon, så dette vert ikkje brukt til å laga noko, men det er veldig kjekt å høyra på det andre har laga!

Videodeling

Og her er neste kapittel "Guri gjer ting ho ikkje kan"! Dette var vanskeleg, tykte eg. Ikkje å leita på YouTube, men å få det inn slik eg hadde tenkt på bloggen. Det var eit val eg ikkje fekk opp, nemleg "vis ramme", og surra lenge med å tilpassa filmen til rammene i bloggen, den kom utover rammene for bloggen, og det såg rotete og uproft ut (at det ER uproft er jo sant, men eg vil ikkje at det skal sjå sånn ut!) før eg fekk den på plass. Og øving gjer meister, så sidan eg gjorde det så mange gonger, kan eg håpa eg hugsar det til ein annan gong?

Det er kjekt å lære dette, fint å kunne gjera i samband med undervisning, ein film seier veldig ofte meir enn 1000 ord. Etter å ha leita litt rundt og søkt på ulike emner valde eg til slutt å bruka Universitetsbiblioteket i Bergen sin film om kjeldelister, siteringsrett og plagiering, sidan kvaliteten var ein heilt anna enn dei andre aktuelle snuttane eg fann. Denne er dessutan brukt med stor suksess for vg2 elevane som har me har har undervisning i emnet for, den hausta til og med spontan applaus.


Hafstad, Stian og Aksnes, Jade Hærem (2010) En plagieringsfortelling
http://www.youtube.com/watch?v=Mwbw9KF-ACY&list=QL&playnext=3 (01.11.2010)