Dette er var moro og nyttig, men slett ikkje enkelt. Stakkars Siv som har måtta løysa opp i flokene mine. Først var det ein ramme som ikkje ville vekk, så var det tekst som ikkje oppdaterte seg (det hang mest truleg saman ein bitteliten hakeparantes-luring) Så når eg fekk det inn og alt såg bra ut, vart teksten litt "hoppete" så eg måtte gjera endringar, og då kom rammene attende også.......Anar ikkje korleis, dei vart i alle fall ikkje ynskte velkommen! Og dette kombinert med at eg ikkje er den mest tolmodige gjorde at det vart litt chatinnlegg på Siv. Teksten står pr.3.11.2010 kl. 12.05 framleis i ramme, og der står den godt førebels!
Men altså ; noko fornuftig om å jobba i nettsky!
Å jobba i nettsky er lurt dersom ein skal samarbeide om eit prosjekt, enten det er ein felles presentasjon eller ei idèmyldring. Fordelen med gratis programvare er der sjølvsagt også, men den er mindre viktig på grunn av at me alt har felles programvare frå arbeidsgivar, samt at elevane har tilgang til rimelege versjonar av dei same programma. Men som sagt ; eg ser det poenget også!
Her er ein tekst eg skreiv i Google Docs, og som eg gjerne vil skal verta lengre ved samarbeid.
Bra jobba, Guri! Lover å hjelpe deg med denne, for ei slik liste har eg veldig bruk for i vårt vidare arbeid med revitalisering av ungdomshylla:) Uansett kva trøbbel du må ha hatt, så såg den veldig ok ut når eg var innom.
SvarSlettFint med påfyll på lista! Joda, trøbbelet vart retta opp ved hjelpa av Siv, men ramma skulle ikkje vore der om me hadde fått viljen vår, men den fekk me ikkje!
SvarSlettMen no Guri, trur eg eg skjønar kvifor! Eg trur ramma automatisk kjem med, fordi vi har definert høgda på vindauget som mindre enn det lengda på teksten tilseier! Dersom du prøver å endre heigth i koden, kanskje ramma forsvinn då? Eg har ein mistanke om at ramma kjem fordi det er naudsynt å scrolle(rulle ned) i teksten for å lese all teksten. Skjønar du kva eg meiner?
SvarSlettForresten så kan ikkje nokon fylle inn i lista di gjennom bloggen, dei må få tilgang via google docs! Og då lyt du rett og slett leggje lenkje til dokumentet, pluss betemme i delingsinnstillniger at alle skal kunne sjå og redigere teksten i Google docs. Eg skal skrive om dette i kursbloggen.
Ja, det var nett dette Guri har gjort. Eg fekk melding via epost om tillatelse til å opne og redigere dokumentet via google docs.Guri - alltid eit steg foran:D
SvarSlettHei! De har rett begge to; Siv i mistanken om at ramma burde vore større, og Iren i at eg har sendt invitasjonen til rettingar i Google docs. Det er framleis ramme rundt innlegget, men no var det nesten fint sånn.......
SvarSletttil lista di: kjenner du http://www.lesersokerbok.no/ ?
SvarSlettEin del av elevane kan ha nytte av å få lesestoffet i mindre porsjonar.