torsdag 18. november 2010

Oppsummering

Det har vore eit artig kurs, lærerikt og så er det kjekt å treffa kollegar frå heile fylket for oss som jobbar aleine. Det er noko med å halda tritt, om ikkje med elevane mine, så iallfall med kollegane mine!!!!

Ikkje alt er like nyttig for eit lite skulebibliotek der eg kjenner brukarane mine ganske så godt etterkvart. Sjølvsagt vil eg ikkje få alle til å vera bibliotekbrukarar, men prosenten aukar heile tida! Den mest effektive måten min å nå brukarar er framleis plakatar på huset og ein-til-ein-kommunikasjonen med dei eg vil ha tak i eller dei som stikk innom. Nokre av tenestene ser eg på som skikkelege tidstjuvar, men andre ting er kjekke og nyttige.

Dei tenestene eg har hatt mest sansen for er blogging, nettsky, wiki, videodeling og podcast. Blogging kan brukast til boktips for ungdommar t.d. Kanskje det kan vera aktuelt for dei vidaregåande skulane å ha ein felles blogg med boktips?
Nettsky var genialt for deling av idear og samarbeid om prosjekt, praktisk å kunne sitje på ulike stader og jobbe i same dokument, t.d. boktipslister som Iren og eg leika oss med.
Wiki er kjekt! Og som eg nemde i bloggen under det punktet bør me hiva oss rundt og gjera ein innsats i lokalhistoriewikien, for på våre eigne lokalsamfunn er det vi som er ekspertar.
Podcast og videodeling er nok mest hygge, men litt nytte også. Det er jo ofte slik at "eit bilete seier meir enn 1000 ord" , så då seier jo ein videosnutt meir enn det meste!!! Og det er også ein fin måte å bryta opp og få elevane til å følgja med på! Podcast med radioprogram eg har gått glipp av er veldig kjekke, og bokpods frå andre bibliotek skal eg leggja inn på heimesida ved neste oppdateringsrunde, men eg kjem ikkje til å laga nokre sjølv, til det er mikrofonskrekken alt for velutvikla, og ikkje strekk tida til heller.

Har ikkje heilt bestemt meg for kva som skal brukast etter kurset, kjem litt an på om me er fleire som hiv oss rundt og jobbar saman, ein og ein trur eg at det vert for mykje jobb for eit lite skulebibliotek.

Konklusjon : Kjekt kurs, som det sikkert er marknad for til andre bibliotek som ikkje har delteke på dette kurset. Det er kjekt når alle er like dumme og ingen spørsmål er for teite. Rettleiingane har vore veldig greie og det har stort sett ikkje vore vanskeleg å finna ut korleis ting skulle gjerast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar