tirsdag 2. november 2010

Wiki

No har eg lese og skrive og tenkt om wiki. Det som er kjekt med wikiteknologien er at "den vanlege mann eller kvinne" kan få skriva om eit emne dei brenn for. Og når mange skriv aukar sjansen for at innhaldet vert etterretteleg. Eg vart litt overraska over at Thomas Brevik sa at han før anbefalte studentane sine Wikipedia enn Store norske leksikon, men eg ser poenget. Wikipedia er breiare og har langt fleire oppslagsord, også på emner som "vanlege leksikon" ikkje har noko om (t.d. nyare film, "lettare litteratur" eller teknologi) Framleis seier nok me til elevane våre at "Bruk gjerne wikipedia, men sjekk opplysningane fleire stader", men dette har endra seg frå "Ikkje bruk wikipedia" så me er på gli!

Eg var innom dei wikisidene som var foreslått, og den eg fann suverent mest nyttig var Lokalhistoriewiki. Der kan innbyggarane i dei ulike kommunane skriva om sin kommune, og her er det i grunnen ganske naturleg at (folke)bibliotekarar deltek. Me er vande med å sjekka kjelder, har tilgang til aktuell informasjon og har bra oversikt over kva som rører seg i lokalsamfunna.
Det er MANGE hol å fylla for kommunane i Sogn og Fjordane. Det var berre Jølster, Gulen, Leikanger, Eid og Gloppen som hadde noko skrive i det heile, og av desse var Jølster den med det beste og fyldigaste innhaldet. Dette er ei flott kjelde for t.d. skuleelevar, så her er det berre å håpa at skriving på lokalhistoriewiki spreier seg som "eld i tørt gras" i Sogn og Fjordane. Akkurat lokalhistorie er me jo kjende for å vera veldig gode på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar